Læreplan i industritekstilfaget, farging, trykking og etterbehandling Vg3 / opplæring i bedrift (IFT3-01)
Utgått
Det gis ikke lenger opplæring etter læreplanen, men det kan være mulig å ta eksamen som privatist. Se informasjon om siste eksamen på fagkodene som er knyttet til læreplanen.
Etter Vg3
Materiale og prosesskontroll
- gjennomføre mottakskontroll av råmateriale, kjemikaliar og fargestoff
- handtere, oppbevare og avhende kjemikaliar og fargestoff i tråd med instruksjonar og datablad
- setje i verk førebyggjande og korrigerande tiltak i samsvar med instruksjonar
- utarbeide reseptar for eigna fargestoff og kjemikaliar
- velje prosessar ut frå produkteigenskapar og miljøomsyn
- utføre kvalitetskontroll ved hjelp av testar og målingar
Farge, trykk og etterbehandling
- bruke maskiner og utstyr i samsvar med instruks
- planleggje og leggje til rette materiale, fargestoff og kjemikaliar i samsvar med instruksjonane
- planlegge og utføre dagleg og førebyggjande vedlikehald og reinhald på maskiner og produksjonsutstyr
- utarbeide køyreprogram for behandling av tekstilar
- utføre testar og målingar for jamleg produksjonskontroll og vurdere resultat
- vurdere risiko og setje i verk sikringstiltak på maskiner og utstyr i samsvar med instruksjonar og gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik
- setje i verk korrigerande tiltak i samsvar med instruksjonar
- stille om maskiner, redigere prosessprogram og dokumentere endringar
- tilkalle assistanse i samsvar med instruksen
Etterkontroll og rapportering
- teste og dokumentere kvalitet på det ferdige produkt med utgangspunkt i spesifikasjonen
- dokumentere avvik og foreslå korrigerande tiltak
- utføre arbeidet i samsvar med gjeldande styringssystem og regelverk for helse, miljø og tryggleik
- føreslå tiltak for auka lønnsemd i prosessar
- drøfte faglege problemstillingar med kollegaer i og andre faggrupper
6 av 7