Læreplan i industritapetserarfaget Vg3 / opplæring i bedrift (ITA3-01)
Utgått
Føremål
Industritapetserarfaget skal leggje grunnlag for yrkesutøving innan industriell produksjon av dei mjuke delane av møblar, med tekstilar og fyllmateriale. Faget skal medverke til å utvikle ei heilskapleg forståing av produksjonsprosessar og produkt. Vidare skal faget fremme kompetanse som styrkjer konkurransekrafta og innovasjonsevna til bedrifta i ein marknad der kvalitet og utsjånad er avgjerande.
Opplæringa skal bidra til at lærlingen utviklar evne til å sikre kvalitet på produkta og arbeide effektivt og miljø- og ressursmedvite. Opplæringa skal også medverke til å utvikle fagleg innsikt, refleksjon og estetisk vurderingsevne. Gjennom bruk av prosedyrar, arbeidsrettleiingar og teikningar skal lærlingen utvikle evne til å gjere medvitne val sjølvstendig og i samarbeid med andre. Opplæringa skal også medverke til å gi lærlingen kompetanse i prosessar som automatisering, gjenvinning og omstilling.
Opplæringa skal leggje til rette for praktisk og variert trening i framstillingsprosessar. Gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik skal vere med i opplæringa. Vidare skal opplæringa medverke til å fremme respekt for menneske, miljø, maskiner og utstyr. Fagleg utviklings- og forbetringsarbeid skal inngå i opplæringa.
Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er industritapetserar.
1 av 7