Læreplan i industritapetserarfaget Vg3 / opplæring i bedrift (ITA3-01)
Utgått
Det gis ikke lenger opplæring etter læreplanen, men det kan være mulig å ta eksamen som privatist. Se informasjon om siste eksamen på fagkodene som er knyttet til læreplanen.
Etter Vg3
Produktutvikling
- vurdere materiale i tråd med krav til funksjon og produktdesign
- vurdere materiale i tråd med krav til miljø, levetid og gjenvinning
- vurdere samanføying i tråd med produkt, maskiner og utstyr
- setje opp forkalkyle for produktet
- utarbeide skisser og malar, bruke teikningar i tråd med standardar og bransjenormer
- byggje opp og trekkje dei mjuke delane til prototypar og nullseriar
- føreslå produkt og produksjonsforbetringar innanfor eige arbeidsområde og grunngi forslaga
Produksjonsplanlegging
- velje materialkvalitet og rekne ut materialmengd
- bruke materiallister og flytskjema i tråd med produksjonsordrar
- velje maskiner, utstyr og produksjonsmetodar i tråd med produkt og materiale
- planleggje produksjon i tråd med teikningar, rettleiingar og produksjonsordrar
- utnytte ressursane i bedrifta effektivt og lønnsamt
- vurdere risiko i produksjonsprosessar i tråd med gjeldande reglar for helse, miljø og tryggleik
- utarbeide produksjonsplan i tråd med krav til produksjonsflyt og emballering og logistikk
Møbelproduksjon
- bruke utstyr og teknikkar i tråd med produksjonsordrar og produksjonsplanar
- klargjere og kontrollere komponentar til produksjon i tråd med spesifikasjonar og bransjenormer
- framstille leggbilete i tråd med krav til optimal utnytting av materiala
- skjere til materiale i tråd med planlagt leggbilete
- utføre saumarbeid i tråd med spesifikasjonar og produksjonsplanar
- utføre liming, oppbygging og tilrettelegging for trekking
- trekkje og montere i tråd med produksjonsplanar og spesifikasjonar
- pakke og emballere ferdige produkt til lagring og utskiping
- utnytte og handtere materiale i tråd med materialeigenskapar og krav til avfallshandtering
- bruke verneutstyr og utføre arbeidet i tråd med gjeldande reglar for helse, miljø og tryggleik
- registrere og rapportere avvik på materiale og utstyr under framstillingsprosessane
- planleggje og utføre service på maskiner og utstyr
6 av 7