Læreplan i design og arkitektur – felles programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur (KDA2-01)
Utgått
Denne læreplanen er utgått.
Design og arkitektur 1
Utforske og planleggje
- kartleggje behov, innhente og visualisere informasjon og utforske alternative løysingar i ei design- og arkitekturoppgåve
- utforske eigenskapar og moglegheiter ved form, materiale og teknikkar ut frå kravspesifikasjon og grunngitte val
- kjenne til dei ulike fasane av ein planprosess for bygg og ein designprosess og ta i bruk dette i eige arbeid
Design, produksjon og presentasjon
- utarbeide ein presentasjon som visualiserer og forklarer forslag til løysningar på eit tenkt oppdrag
- byggje enkle arkitekturmodellar i målestokk for å synleggjere rom, form og proporsjonar
- beskrive fasade og grunnplan i arbeidsteikningar
- bruke føremålstenleg materiale og teknikkar i eige arbeid med designprototypar og diskutere kvalitet og utføring
- utvikle arbeidsteikningar av designprodukt
- gjere greie for korleis miljø, ressursar og forbruk påverkar val og løysingar innan design og arkitektur, og drøfte etiske val og forbrukarkrav
Design- og arkitekturhistorie
- gjere greie for hovudtrekk i vestleg gjenstandskultur fram til 1600-talet og gi døme på korleis arven frå antikken har hatt innverknad på formspråket
- beskrive kulturpåverknad i arkitektur, byggjeskikk og kulturlandskap fram til 1600-talet
- beskrive korleis samisk formkultur skil seg ut som eige formuttrykk i Norden
7 av 10