Læreplan i design og arkitektur – felles programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur (KDA2-01)
Utgått
Denne læreplanen er utgått.
Design og arkitektur 3
Utforske og planleggje
- utforske utfordringar og avdekkje behov og moglegheiter knytte til spesifikke samfunnsorienterte oppdrag innan design og arkitektur
- formulere problemstillingar og definere kravspesifikasjonar knytte til universell utforming
- utarbeide ein faglig presentasjon som gjennom tekst, skisser og bilete visualiserer og forklarer prosess og forslag til løysing
- beskrive dei vanlegaste fasane i ein planprosess for bygg og vise til plan- og bygningslova med forskrifter
- planleggje korleis eit prosjekt skal gjennomførast, og synleggjere det i ein prosjektplan
- utvikle ein visuell profil som viser identiteten til ein oppdragsgivar og gi døme på korleis design blir brukt i merkevarebygging
Design, produksjon og presentasjon
- visualisere og kommunisere eigne idear både digitalt og analogt for ei bestemt målgruppe
- planleggje og gjennomføre ein designprosess med mål om å sikre universell utforming og skape innovative løysingar
- gjennomføre eit arkitekturprosjekt og velje ei eigna presentasjonsform
- velje materiale og teknikkar i samsvar med krav om funksjonalitet i eit produkt og grunngi vala
- skissere og utvikle berekraftige design- og arkitekturløysingar
- vurdere ressursbruk, miljø og etikk i tilknyting til design, arkitektur og miljøutforming
Design- og arkitekturhistorie
- gjere greie for utforming av fysiske omgivnader og stad- og byutvikling frå 1900-talet og framover
- gjere greie for hovudtrekka i utviklinga av viktige formtradisjonar i norsk formkultur og samisk duodji, og forklare kva for innverknad dei har på moderne design
- beskrive sentrale arbeid innafor kunsthandverk, design og arkitektur frå 1900-talet og vår samtid
9 av 10