Læreplan i kroppsøving (KRO1-03)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Kompetansemål etter 4. årssteget
Aktivitet i ulike rørslemiljø
- leike og vere med i aktivitetar i varierte miljø der sansar, motorikk og koordinasjon blir utfordra
- utføre grunnleggjande rørsler som å krype, gå, springe, hinke, satse, lande, vende og rulle i fri utfolding og organiserte aktivitetar
- vere trygg i vatn og vere symjedyktig
- ferdast ved og på vatn og gjere greie for farane
- samhandle med andre i ulike aktivitetar
- anerkjenne kroppslege føresetnader og skilnader mellom seg sjølv og andre
- bruke småreiskapar og apparat frå tradisjonelle og alternative rørsleaktivitetar
- avlevere, ta i mot og leike med ulike balltypar og vere med i enkle ballspel
- utforske, leike og uttrykkje seg med rørsler til ulike rytmar og musikk
- vere med i songleikar og enkle dansar frå ulike kulturar
- bruke ski og skøyter der det ligg til rette for det
- lage og bruke enkle kart til å orientere seg i nærområdet
- bruke klede, utstyr og enkle bruksreiskapar for å opphalde seg i naturen på ein trygg og funksjonell måte
- samtale om reglar som gjeld for opphald i naturen, og kunne praktisere sporlaus ferdsel
- setje namn på kroppsdelar og rørslemåtar
- forklare kva personleg hygiene har å seie for eiga og andres helse og trivsel
- følgje trafikkreglar for fotgjengarar og syklistar
6 av 12