Læreplan i kroppsøving (KRO1-03)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Kompetansemål etter Vg3
Idrettsaktivitet
- vise kunnskapar og ulike ferdigheiter i idrett, dans og andre rørsleaktivitetar gjennom funksjonell deltaking i aktivitet, trening og spel
- vurdere eigen kompetanse og korleis ein kan utvikle seg vidare i idrett, dans eller andre rørsleaktivitetar
- drøfte korleis eiga utøving av fair play kan påverke andre i aktivitetar, trening og spel
Friluftsliv
- planleggje og gjennomføre og vurdere turopplegg ved bruk av kart og kompass og andre måtar å orientere seg på
Trening og livsstil
- praktisere og grunngje aktivitet og trening som er relevant for å fremje eiga helse og drøfte moglege uheldige sider ved trening
- planleggje, gjennomføre og vurdere eigentrening som byggjer på grunnleggjande prinsipp for trening, og som er relevant for måla til eleven
- gjere greie for samanhengar mellom regelmessig fysisk aktivitet, livsstil og helse, og kva det inneber å ta ansvar for eiga helse
11 av 12