Programområde for landbruk - Læreplan i økologisk landbruk 1 og 2 - valgfrie programfag Vg3 (LBR6-01)
Utgått
Føremål
I takt med veksande etterspørsel etter økologiske matvarer og fokus på økologisk og miljøvennleg landbruk, aukar behovet for kompetanse innan planlegging og drift av økologisk planteproduksjon og husdyrhald. Programfaga i økologisk landbruk skal medverke til å utvikle profesjonelle yrkesutøvarar med kompetanse om nasjonale mål og strategiar for utvikling og utbreiing av økologisk landbruksproduksjon.
Programfaga skal fremme forståing for korleis økologisk landbruk kan medverke til eit miljøvennleg og berekraftig samfunn og korleis strategiar for nasjonal matproduksjon kan verke i ein global samanheng. Programfaga skal gi innsikt i idégrunnlaget for økologisk landbruk og betre forståing for metodar og prinsipp for økologisk drift. Programfaga i økologisk landbruk skal medverke til å utvikle kompetanse på økologiske, økonomiske og sosiale sider ved ein landbruksproduksjon der etikk og rettferdig handel er sentrale moment. Programfaga skal stimulere til langsiktig planlegging og heilskapleg tenking.
Opplæringa skal leggje til rette for at eleven kan øve opp evna til å vurdere økonomiske forhold og nærings- og energibalansar på økologiske gardsbruk og konsekvensar av val knytte til drifta. Opplæringa skal søkje å utvikle kompetanse innan økonomiske rammevilkår og vurdering av lønnsemd knytt til drift av einskildproduksjonar og gardsbruk, i tråd med regelverk og standardar for økologisk landbruk. Opplæringa må derfor leggje vekt på at driftseiningar utgjer eit berekraftig økosystem og baserer seg på lokale og fornybare ressursar. Opplæringa skal fremme kompetanse i å planleggje omlegging frå konvensjonell til økologisk drift og å lage driftsplan for ei økologisk driftseining. Vidare skal opplæringa leggje til rette for at eleven kan opparbeide kompetanse i bruk av maskiner og teknisk utstyr i tråd med økologiske prinsipp.
1 av 9