Programområde for landbruk - Læreplan i økologisk landbruk 1 og 2 - valgfrie programfag Vg3 (LBR6-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Økologisk landbruk 1
Idégrunnlag og rammevilkår
- gjere greie for idégrunnlaget for økologisk landbruk
- gjere greie for politiske målsetjingar, tilskotsordningar, regelverk og organisasjonar for økologisk landbruk
- drøfte fordelar og ulemper ved økologisk landbruk i nasjonal og internasjonal samanheng
- drøfte omgrepa kortreist mat og rettferdig handel
- gjere greie for statusen for økologisk landbruksproduksjon og vurdere framtidig utvikling med omsyn til omfang og kvalitet
Jordøkologi og jordkultur
- gjere greie for jordorganismar og kva funksjon og innverknad dei har på jordsmonnet
- vurdere jordstruktur og gjere greie for faktorar som påverkar den
- gjere greie for faktorar som aukar innhald av organisk materiale i jorda, og forklare omsetjing av organiske og uorganiske stoff i jord
- gjere greie for gjødselkjelder på ein økologisk gard
- handtere husdyrgjødsel og anna organisk materiale slik at tapa av næringsstoff blir minimale
- gjere greie for faktorar som kan redusere tap av jord og næringsstoff
- gjere greie for faktorar som verkar inn på næringsbalansen på garden
- lage gjødselplan for ei økologisk driftseining
Plantekultur og husdyrhald
- setje opp og grunngi ein plan for økologisk dyrking av ein plantekultur
- planleggje vekstskifte for økologiske gardsbruk og gjere greie for kva dette har å seie for jordstruktur, næringsforsyning og plantevern
- setje opp og grunngi ein fôrplan i økologisk husdyrhald
- vurdere ulike driftsopplegg for økologisk husdyrhald som gir minst mogleg tap av næringsstoff frå husdyrgjødsla
- gjere greie for korleis hus, husdyrrom og stell kan tilpassast naturleg åtferd hos husdyr
7 av 9