Læreplan i medie- og informasjonskunnskap - programfag i utdanningsprogram for studiespesialisering (MIN1-02)
Utgått
Denne læreplanen er utgått.
Medie- og informasjonskunnskap 1
Medieutvikling
- diskutere pressa si rolle i utviklinga av demokratiet i Noreg
- drøfte korleis ytringsfridom er ein føresetnad for frie medium og demokrati
- gjere greie for sentrale trekk ved mediehistoria i Noreg
- gjere greie for hovudtrekk ved norsk mediepolitikk fram til i dag
- presentere hovudliner i mediestrukturen i Noreg
Uttrykksformer
- gjere greie for kva informasjon er, og kva for informasjonstypar som finst
- gjere greie for arkitekturen til Internett
- diskutere etiske utfordringar knytte til Internett og nye medium
- gjere greie for prosessen frå hending til nyheit i media
- forklare kva som ligg i omgrepet pressa sin sjølvjustis, og diskutere konsekvensar av brot på presseetiske normer
- gjere greie for typiske trekk ved journalistikk, reklame, propaganda, informasjon og underhaldning
- diskutere objektivitetsomgrepet i samband med formidling av stoff i media
- vurdere og bruke aktuelle digitale verktøy i ulike former for personleg kommunikasjon
- kunne føre opp kjelder, vurdere informasjon kjeldekritisk og bruke relevant informasjons- og kommunikasjonsteknologi i arbeid med eigne medieprodukt
- forme ut eigne journalistiske medieuttrykk i ulike kanalar og grunngje val av målgruppe, kanal og teknologi
Medium, individ og samfunn
- gjere greie for sentrale kommunikasjonsformer og kommunikasjonsmodellar
- diskutere kva som er god kommunikasjon, og vurdere kva som kan hindre slik kommunikasjon
- forklare korleis ny teknologi og digitalisering endrar tradisjonelle kommunikasjonsmønster
- utforske medietilbodet i det fleirkulturelle Noreg og diskutere korleis media kan påverke identiteten til urfolk og nasjonale og etniske minoritetar
- diskutere kva følgjer det kan få at mange er aktive brukarar av media og sjølve utviklar medieprodukt
- vurdere bruk og misbruk av statistikk
- gjere greie for ulike påverknadsmodellar og vurdere korleis folk kan bli påverka av ulike medium
- vurdere kva som kan påverke val av medium
- vurdere kva rolle media spelar for læring, likestilling og identitetsdanning
7 av 9