Læreplan i medie- og informasjonskunnskap - programfag i utdanningsprogram for studiespesialisering (MIN1-02)
Utgått
Hovudområde
Medie- og informasjonskunnskap 1
Medieutvikling
Medie- og informasjonskunnskap 1
Hovudområdet medieutvikling omfattar norsk mediehistorie og funksjonane til media i eit historisk, politisk, økonomisk, kulturelt og etisk perspektiv. Ytringsfridom og pressa si rolle i utviklinga av demokratiet står sentralt i hovudområdet. Hovudtrekka ved norsk mediepolitikk er òg med i hovudområdet.
Medie- og informasjonskunnskap 2
Hovudområdet medieutvikling handlar om internasjonal mediehistorie. Internasjonal mediestruktur og den sterke globale eigarkonsentrasjonen står sentralt. Sør-nord-problematikken og mediestrukturen i utviklingsland er ein del av hovudområdet.
Uttrykksformer
Medie- og informasjonskunnskap 1
Hovudområdet uttrykksformer handlar om tradisjonelle og digitale medium. Journalistiske arbeidsmåtar og dei etiske retningslinene som gjeld for media, står sentralt. Utforming av ulike medieprodukt høyrer med til hovudområdet. Det dreier seg òg om typiske trekk ved informasjon og underhaldning, journalistikk, reklame og propaganda. Hovudområdet omfattar søkjestrategiar, kjeldebruk og kjeldekritikk.
Medie- og informasjonskunnskap 2
Hovudområdet uttrykksformer omfattar ulike medietekstar som utgangspunkt for analyse, oppleving og vurdering. Det handlar om utforming av ulike medieprodukt, bruk av dramaturgiske verkemiddel og evaluering av eigne og andre sine medieprodukt. Hovudområdet dreier seg òg om media si rolle som kunst- og kulturformidlar. Kjeldebruk og kjeldekritikk inngår i hovudområdet.
Medium, individ og samfunn
Medie- og informasjonskunnskap 1
Hovudområdet medium, individ og samfunn handlar om kommunikasjonsformer og kommunikasjonsmodellar. Det omfattar korleis ny teknologi og digitalisering endrar tradisjonelle kommunikasjonsmønster og fører til konvergens. Hovudområdet handlar òg om ulike påverknadsmodellar og korleis ulike medium kan påverke korleis folk oppfattar seg sjølve og verda. I tillegg dreier det seg om etniske og fleirkulturelle utfordringar, likestilling, kjønn og klasse.
Medie- og informasjonskunnskap 2
Hovudområdet medium, individ og samfunn handlar om påverknadsstrategiar i ulike typar medieprodukt, og korleis media kan forme haldningar, normer og verdiar. Det omfattar òg regelverk som gjeld opphavsrett, personvern og ytringsfridom. Medieideologiar og utvikling av informasjonskløfter i samfunnet nasjonalt og internasjonalt høyrer med til hovudområdet.

5 av 9