Programområde for reiseliv - Læreplan i felles programfag Vg2 (RLV2-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Etablering og drift
Etablering og drift
- gjere greie for den strukturelle oppbygginga av reiselivsnæringa, som nasjonale, regionale og lokale organisasjonar og verksemder, både offentlege og private
- vurdere trendar, nasjonalt og internasjonalt, som grunnlag for å utvikle berekraftige reiselivsprodukt
- berekne pris på eit reiselivsprodukt ved hjelp av marknadskunnskap, for å sikre likviditet og lønnsemd i ei reiselivsverksemd
- vurdere lønnsemda i ei reiselivsverksemd basert på budsjett og rekneskap med næringa sine nøkkeltal
- vurdere ulike selskaps- og samarbeidsformer i reiselivsnæringa, ta omsyn til offentlege krav ved etablering og registrering av ei verksemd
- beskrive sentrale daglege gjeremål i ei reiselivsverksemd
- bruke sentrale regelverk for HMT, personvern, marknadsføring, sal og forbrukarrettar i reiselivet
- gjere greie for etiske retningslinjer i reiselivsnæringa
9 av 10