Programområde for reiseliv - Læreplan i felles programfag Vg2 (RLV2-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Vertskapsrolla
Vertskapsrolla
- avdekkje behov og potensielle ønske hos gjestene gjennom situasjonstilpassa kommunikasjon
- formidle informasjon om sentrale lokale og nasjonale turistattraksjonar, basert på norsk og samisk kulturhistorie, kulturlivet i dag og bruk og vern av naturressursar
- samhandle og kommunisere med aktørar som er med i den totale reiselivsopplevinga gjestene får
- opptre korrekt i vertskapsrolla ved å tilpasse åtferd, klesdrakt og kroppsspråk til situasjonen
- møte og ta omsyn til kulturelle særtrekk hos gjestene i vertskapsrolla
- bruke eit grunnleggjande ordtilfang i formidling av enkel informasjon til gjester på eit anna framandspråk enn engelsk
- bruke teoriar om det heilskaplege reiselivsproduktet for å analysere ulike nasjonale og internasjonale reisemål med utgangspunkt i ei reiselivsbedrift
- gjere greie for verkemiddel som sikrar at gjester og personale er trygge i situasjonar som brann, ran, tjuveri, og ved friluftsaktivitetar utføre livreddande førstehjelp
- vurdere og hente relevant informasjon frå ulike kjelder til bruk i vertskapsrolla
7 av 10