Læreplan i samfunnsfag (SAF1-02)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Etter Vg1/Vg2 i vidaregåande opplæring
Individ og samfunn
- definere sentrale omgrep knytte til sosialisering og bruke dei til å undersøkje trekk ved sosialiseringa av ungdom i Noreg
- forklare kvifor kjønnsroller varierer mellom samfunn og kulturar og diskutere kvifor kjønnsrollene endrar seg over tid
- rekne ut inntekter, planleggje pengeforbruk i ein familie ved å bruke ulike verktøy og vurdere korleis sparing og låneopptak påverkar personleg økonomi
- drøfte rettane ein har som forbrukar og diskutere forbrukaren sitt etiske ansvar
- gjere greie for endringar i familie- og samlivsformer
- gjere greie for økonomiske og juridiske sider ved å gå inn i eit samliv og diskutere følgjer av samlivsbrot
- bruke digitale verktøy til å finne informasjon om omfanget av kriminalitet i Noreg, grunngje kvifor samfunnet straffar og gjere greie for korleis kriminalitet kan førebyggjast
Arbeids- og næringsliv
- definere omgrepa levestandard og livskvalitet, gjere greie for årsaker til at levestandarden i Noreg har auka og diskutere om auken har ført til betre livskvalitet
- bruke digitale verktøy til å hente informasjon om ulike yrker og diskutere moglegheiter og utfordringar på arbeidsmarknaden i dag
- reflektere over verdien av å ha eit arbeid og kva som kjenneteiknar eit godt arbeidsmiljø
- gjere greie for årsaker til arbeidsløyse og drøfte måtar å redusere arbeidsløysa på
- diskutere noen etiske problemstillingar knytte til arbeidslivet
- gjere greie for organisasjonane sin plass i det norske arbeidslivet og for faktorar som bestemmer lønn og arbeidsvilkår
- vurdere utfordringar ved å etablere ei bedrift
- trekkje ut hovudlinene i resultat- og balanserekneskapet til bedrifter med manuelle og digitale verktøy
Politikk og demokrati
- gjere greie for korleis ein sjølv kan vere med i og påverke det politiske systemet gjennom bruk av ulike kanalar for påverknad og kunne gjere greie for ulike utfordringar for demokratiet
- diskutere samanhengar mellom styreform, rettsstat og menneskerettar
- gjere greie for styreforma og dei viktigaste politiske styringsorgana i Noreg og drøfte fleirtalsdemokratiet i forhold til urfolk og minoritetar
- identifisere grunnleggjande skilnader mellom dei politiske partia i Noreg, og argumentere frå ulike politiske ståstader
- gjere greie for sentrale kjenneteikn ved norsk økonomisk politikk
- diskutere hovudprinsippa for den norske velferdsstaten og dei utfordringane den står overfor
Kultur
- definere omgrepet kultur og gje døme på at kultur varierer frå stad til stad og endrar seg over tid
- presentere hovudtrekk ved samisk kultur i dag og reflektere over kva det vil seie å vere urfolk
- beskrive hovudtrekk ved kulturen til nokre minoritetar i Noreg og drøfte utfordringar i fleirkulturelle samfunn
- forklare kvifor fordommar oppstår og diskutere korleis framandfrykt og rasisme kan motarbeidast
- gje døme på korleis religion og etnisk variasjon påverkar samfunn og kultur
Internasjonale forhold
- definere omgrepet makt og gje døme på korleis makt blir brukt i verdssamfunnet
- forklare omgrepet globalisering og vurdere ulike konsekvensar av globalisering
- gje døme på internasjonalt samarbeid og beskrive Noreg som internasjonal aktør
- gjere greie for FNs arbeid med fred og menneskerettar og forklare FNs rolle i det internasjonale arbeidet for urfolk
- gjere greie for EU sine mål og styringsorgan og diskutere Noreg sitt forhold til EU
- bruke digitale verktøy til å finne døme på ulike typar konfliktar i verda og presentere ein aktuell internasjonal konflikt og forslag til å løyse konflikten
- gjere greie for årsaker til at somme land er fattige og somme rike og drøfte tiltak for å redusere fattigdom i verda
- gjere greie for kva som kjenneteiknar internasjonal terrorisme og reflektere over årsaker til terrorisme
- diskutere samanhengen mellom økonomisk vekst, miljø og berekraftig utvikling
9 av 10