Læreplan i sjømatproduksjon Vg3 / opplæring i bedrift (SMP3-01)
Utgått
Føremål
Faget sjømatproduksjon skal leggje grunnlaget for yrkesutøving innan mottak, vidareforedling og omsetjing av sjømat. God utnytting av marine produkt, både oppdrettsfisk og artar som tradisjonelt ikkje har vore hausta eller produserte, krev nytenking, produktutvikling og marknadskunnskap. Den teknologiske utviklinga har ført til at faget sjømatproduksjon har gått frå å vere eit handverksfag til å bli moderne industri. Sjømatindustrien er prega av internasjonal konkurranse, krav til mattryggleik og sporing frå fangst til forbrukar. Faget skal styrkje sjømatindustrien i den internasjonale konkurransen og medverke til å dekkje behovet for teknologisk kunnige personar i sjømatbransjen.
Opplæringa skal leggje vekt på vidareforedling og omsetjing av sjømat. Vidare skal opplæringa utvikle kompetanse på råstoff, produksjon, hygiene, kvalitet, utstyr og teknologi. All matproduksjon skal ha eit kvalitetsstyringssystem basert på fareanalyse og kritiske kontrollpunkt. Opplæringa skal også medverke til å utvikle eit medvite og profesjonelt forhold til service, samarbeid og kommunikasjon og fremme likestilling.
Opplæringa skal leggje til rette for varierte arbeidsoppgåver som krev kreativitet og løysingsorientering. Vidare skal opplæringa leggje vekt på utvikling i faget sjømatproduksjon og endringsarbeid knytt til rutinar.
Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er fagarbeidar sjømatproduksjon.
1 av 7