Læreplan i kroppsøving (KRO1-02)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Etter Vg2
Idrett og dans
- vidareutvikle ferdigheiter i individuelle idrettar og lagidrettar
- utarbeide og gjennomføre ulike treningsopplegg med sikte på å forbetre ferdigheiter i idrett og dans
Friluftsliv
- planleggje, gjennomføre og vurdere opphald i naturen, og gjere greie for korleis mat, utstyr og klede kan verke inn på opplevinga av naturen
Trening og livsstil
- bruke treningsmetodar og øvingar innanfor spenst, snøggleik, koordinasjon og teknikk
- planleggje, gjennomføre og vurdere eigentrening som inneheld trening av uthald, styrke og rørsleevne
- forklare grunnleggjande prinsipp for trening
- forklare viktige faktorar som påverkar eigentrening og livsstil
10 av 12