Vg2 aktivitør (AKT02‑04)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter yrkesliv i aktivitørfag
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- innhente informasjon om funksjonsnivået til brukarar og vurdere og grunngi valet av aktivitetar
- bruke og vurdere fargar og formelement i arbeidet med å skape ulike produkt
- vurdere kva slags hjelpemiddel, digitale ressursar og teknologi som kan brukast til ulike aktivitetar
- gjere greie for kva kosthald, fysisk aktivitet og hygiene har å seie for helsa til brukarane
- reflektere over korleis ein kan vareta miljøet ved bruk av materiale og andre ressursar
- utføre grunnleggjande førstehjelp
- gjere greie for grunnleggjande prinsipp for hygiene og smittevern
- gjere greie for retningslinjer for yrkesetikk, personvern og helse, miljø og sikkerheit og drøfte kva dette inneber for yrkesutøvinga
- drøfte kva som kjenneteiknar eit godt arbeidsmiljø og gode arbeidsvilkår i aktivitørfaget
- følgje opp eigne rettar og plikter i arbeidsforholdet og gjere greie for korleis partane i arbeidslivet utfører samfunnsrolla si i den norske modellen
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i yrkesliv i aktivitørfag når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire av eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i yrkesliv i aktivitørfag. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i yrkesliv i aktivitørfag ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i yrkesliv i aktivitørfag basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.