Vg2 aktivitør (AKT02‑04)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter kommunikasjon og samhandling
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- beskrive ulike kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter og vise korleis slike ferdigheiter kan fremje tryggleik og tillit
- vise empati og reflektere over eigne haldningar, eiga åtferd og kva det vil seie å vise endringsvilje
- gjere greie for strategiar for konflikthandtering og førebyggje konfliktar i praksis
- drøfte kva det inneber å ha respekt og toleranse for kulturane og tradisjonane, livssynet og den sosiale statusen til andre menneske
- drøfte verdien av tverrfagleg samarbeid og gi døme på slikt samarbeid
- rettleie brukarar, frivillige og samarbeidspartnarar i ulike aktiviseringstiltak
- presentere eige arbeid, tenester, produkt og produksjonsprosessar ved hjelp av digitale ressursar
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i kommunikasjon og samhandling når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire av eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira seg i kommunikasjon og samhandling. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i kommunikasjon og samhandling ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i kommunikasjon og samhandling basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.