Vg2 aktivitør (AKT02‑04)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter administrasjon
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere aktiviseringsprosessar tilpassa ulike brukarar frå ulike kulturar og brukargrupper
- setje mål for aktiviseringsarbeidet
- drøfte kva frivillig arbeid har å seie og korleis frivillige og ulike kulturtilbod kan brukast i aktiviseringsarbeidet
- gjere greie for kva verknad aktivitetar har på den fysiske og mentale helsa til brukarane
- berekne forbruk, setje opp budsjett og føre rekneskap over kostnader knytte til aktiviseringsarbeidet
- reflektere over særpreg og avgrensingar som gjeld aktivitørfaget som helsefag
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i administrasjon når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire av eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i administrasjon. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i administrasjon ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i administrasjon basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.