Vg2 automatisering (AUT02‑03)
Kjerneelement
Automatisering og robotisering
Kjerneelementet automatisering og robotisering handlar om komponentar, krinsar og maskiner som inngår i eit heilskapleg automatisert anlegg. Dette omfattar også å programmere, kalibrere, feilsøkje og utarbeide dokumentasjon.
Energi, miljø og berekraft
Kjerneelementet energi, miljø og berekraft handlar om energieffektive løysingar og energisystem. Vidare handlar det om kompetanse i elektriske installasjonar og nettsystem. Kjerneelementet handlar også om miljøbelastninga til ulike produkt.
Maskiner, verktøy og materiale
Kjerneelementet maskiner, verktøy og materiale handlar om å bruke verktøy og maskiner i praktisk arbeid for å produsere delar eller produkt og om relevant materialkunnskap. Det handlar også om vedlikehald og installasjon av maskiner og utstyr.
Produktutvikling og nyskaping
Kjerneelementet produktutvikling og nyskaping handlar om nye løysingar, å foreslå prosessforbetringar og å utarbeide nye produkt eller arbeidsmetodar.
Lover og forskrifter
Kjerneelementet lover og forskrifter handlar om å utføre arbeidet i tråd med gjeldande regelverk og internkontrollsystem og setje i verk sikkerheitstiltak for å unngå fare for liv, helse og materielle verdiar. Vidare handlar det om sikring av datainformasjon og elektroniske kommunikasjonsnett.