Vg2 automatisering (AUT02‑03)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Automatiseringssystem: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Elenergisystem: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Automatiseringssystem og elenergisystem: Elevane skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen der dei felles programfaga inngår. Eksamen skal ha førebuingsdel. Den tverrfaglege praktiske eksamenen skal mellom anna innehalde prøving av kompetansemål om elsikkerheit. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Eksamen for privatistar
Automatiseringssystem: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Elenergisystem: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Automatiseringssystem og elenergisystem: Privatisten skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen i desse felles programfaga. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen. Den tverrfaglege praktiske eksamenen skal mellom anna innehalde prøving av kompetansemål om elsikkerheit. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.