Banemontørfaget (BAN03‑02)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål

  • planleggje bygging, drift, kontroll og vedlikehald av over- og underbygningen i køyreveg for skjenegåande transport ved hjelp av ulike prosjektverktøy, arbeide etter teikningar, beskrivingar og preaksepterte løysingar, velje verktøy og materiale og vurdere kostnader, tidsbruk og miljøomsyn i arbeidet
  • gjere greie for og bruke kvalitetssikringssystem, gjennomføre arbeidet i tråd med gjeldande krav til helse, miljø og sikkerheit og toleransekrav og reflektere over konsekvensar av ikkje å følgje krava
  • risikovurdere arbeidsoppdrag, gjennomføre ein sikker jobbanalyse og rapportere om uønskte hendingar
  • arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp og reflektere over konsekvensane av ulike belastningar for yrkesutøvaren
  • sikre og sperre av byggjeplassar og anleggsområde i samsvar med gjeldande regelverk og vurdere kva risikofaktorar som kan påverke trafikkavviklinga
  • velje ut og bruke verne- og sikringsutstyr og vurdere konsekvensar av feilbruk
  • kjeldesortere og handtere avfall etter gjeldande regelverk, behandle farlege stoff, uønskte plantar og organismar, reflektere over konsekvensane av feilhandtering og iverksette tiltak
  • arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og reflektere over krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap
  • gjere greie for kvalitetane og eigenskapane til stål, grus og andre steinmateriale, betong og trevirke og vurdere bruken ut frå haldbarheit, miljøomsyn og økonomi
  • ta imot materiale, utstyr og verktøy og kontrollere kvaliteten i tråd med arbeidsoppdraget
  • velje og bruke ulike maskiner og metodar i arbeidet med spor og sporanlegg og halde ved like maskiner, reiskapar og utstyr
  • forstå kvifor overhøgder blir brukte i sporet, og drøfte forholdet mellom overhøgde og strekningshastigheit
  • byggje og halde ved like sporanlegg og sporvekslarar og vurdere konsekvensen av feilproduksjon
  • forstå kreftene som verkar i sporet, og halde ved like heilsveisa spor
  • gjere greie for ulike typar brukonstruksjonar og byggje og halde ved like spor på bruer
  • velje skjener og sviller og byggje spor i tråd med arbeidsoppdraget
  • halde ved like vassvegar og vurdere korleis landskapet og dei geologiske forholda påverkar underbygninga
  • kontrollere vegetasjonen langs spor og ved stasjonsområde, fjerne uønskt vegetasjon, drøfte ulike metodar for vegetasjonskontroll og reflektere over hvorfor uønsket vegetasjon fjernes
  • vurdere korleis klimaet kan påverke sporstabiliteten, og setje i verk tiltak
  • forstå og gjere greie for oppbygginga av det elektrotekniske anlegget i og ved sporet
  • utføre enkel kontroll, sikring og vedlikehald av støttemurar, tunnelar og fjellskjeringar
  • utføre grunnleggjande førstehjelp

Undervegsvurdering