Banemontørfaget (BAN03‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 banemontørfaget handlar om å byggje, drifte, kontrollere og halde ved like over- og underbygningen i køyreveg for skjenegåande transport av gods- og persontrafikk. Faget handlar vidare om å etablere og utvikle baneinfrastrukturen i Noreg, og levere ein trygg køyreveg for sporbunden transport slik at næringslivet og andre samfunnstenester skal fungere i dag og i framtida. Faget skal òg gjere lærlingane i stand til å velje og bruke maskiner, verktøy og utstyr med omsyn til produksjonskrav, naturressursar og miljø. Å sørgje for trafikksikkerheit i og ved spor og ta vare på sikkerheita til ein sjølv og andre ved sporbunden transport er òg ein del av faget.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 banemontørfaget skal bidra til engasjement når lærlingane byggjer baneanlegg med varige miljø- og energieffektive kvalitetar. Faget fremjar kritisk tenking og etisk medvit gjennom at lærlingane blir utfordra til å velje berekraftige materiale, verktøy og arbeidsmetodar. Effektiv og miljøvennleg ressursutnytting vil òg bidra til å fremje respekt for naturen og miljøet. Faget skal vidare bidra til kunnskap om pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og om trepartssamarbeidet, der arbeidsgivaren, arbeidstakaren og myndigheitene jobbar saman for å utvikle eit betre arbeidsliv. I tillegg fremjar faget forståing av kva verdi kulturelt mangfald har i bygg- og anleggsbransjen, gjennom at lærlingane deltek i dialog om og reflekterer over krav og forventningar til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap.