Biologi (BIO01‑02)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter biologi 2

  • utforske ei biologisk problemstilling, analysere innsamla data, argumentere for val av metodar og drøfte resultat og funn
  • utforske faktorar som regulerer vekst i og storleiken på populasjonar, og drøfte interessekonfliktar rundt forvaltning av populasjonar
  • utforske og dokumentere artsmangfald gjennom feltarbeid, drøfte resultat og funn og vurdere korleis artane er tilpassa økosystemet dei lever i
  • gjere greie for energistraum og sentrale stoffkrinsløp
  • drøfte korleis menneskeleg aktivitet påverkar krinsløpa, og utforske tiltak for å vareta dei
  • utforske korleis enzym fungerer, og gjere greie for den rolla enzym speler i metabolske prosessar
  • samanlikne korleis energi blir omdanna gjennom fotosyntesen og celleandinga, og vurdere kva påverknad ulike faktorar har på energiomsetning
  • gjere greie for genetisk kode og regulering av genuttrykk, og beskrive korleis genteknologi kan brukast for å styre og endre genuttrykk
  • gjere greie for korleis eigenskapar blir arva, og utforske årsaker til genotypisk og fenotypisk variasjon i populasjonar
  • utforske korleis evolusjonære prosessar påverkar genlageret til populasjonar, og samanlikne ulike mekanismar for artsdanning
  • vurdere kommersiell bruk av genteknologi i medisin og matproduksjon, og drøfte etiske problemstillingar ved bruk av slik teknologi

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering