Biologi (BIO01‑02)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I biologi handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om få kunnskap om fysisk helse og kompetanse til å gjere kunnskapsbaserte val knytte til eiga helse. Det handlar òg om korleis sjukdommar og andre helseutfordringar i samfunnet kan førebyggjast og behandlast. Vidare handlar det om dei moglegheitene genteknologi og bioteknologi kan gi for folkehelsa. Dessutan handlar folkehelse og livsmeistring i biologi om at naturopplevingar òg har betydning for folkehelsa.
Berekraftig utvikling
I biologi handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om korleis klimaendringar og bruk av naturressursar påverkar økosystem og endrar livsvilkåra for organismane. Vidare handlar det om etiske dilemma knytta til korleis menneskeleg aktivitet påverkar det biologiske mangfaldet, og om korleis biologisk kompetanse kan bidra til ei meir berekraftig forvalting av naturen og naturressursane.