Biologi (BIO01‑02)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i biologi inneber å lytte og gi respons i samtalar om biologiske samanhengar og prosessar. Vidare handlar det om å bruke fagleg omgrepsapparat i drøfting og refleksjon over problemstillingar, bygge opp argumentasjon og grunngi eigne val munnleg, og å tilpasse munnleg tekst til mottakar og formål.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i biologi inneber å produsere og bearbeide ulike typar tekstar tilpassa mottakar, innhald og formål, og å bruke kjelder på ein kritisk måte som lar seg etterprøve. Det inneber òg å formulere spørsmål og hypotesar som det er mogleg å argumentere for og drøfte i tilknyting til faget. Vidare inneber det å bruke biologifaglege omgrep til å strukturere og formulere tekstar for å skildre eigne observasjonar, erfaringar, resultat og undersøkingar knytte til feltarbeid og forsøk.
Å kunne lese
Å kunne lese i biologi inneber å identifisere og tolke fagleg informasjon og å forstå omgrep, symbol og modellar i ulike fagtekstar. Å kunne lese i biologi inneber òg å følgje, forstå og vurdere forsøksbeskrivingar. Det inneber vidare å innhente, vurdere og bruke kjelder på ein kritisk måte.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i biologi inneber å behandle og tolke informasjon frå innsamla datamateriale, forsøk og feltarbeid, og å vurdere pålitelegheit, trendar og avvik. Å rekne i biologi inneber òg å velje formålstenlege metodar og måleutstyr for å samle inn data på ein vitskapleg måte. Det inneber vidare å utarbeide og framstille eigne resultat, gjennomføre enkle statistiske berekningar for å teste hypotesar, og bruke talmateriale i fagleg argumentasjon.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i biologi inneber å bruke digitale ressursar til å utforske, illustrere, programmere, modellere og simulere biologiske system og prosessar. Det inneber òg å søkje etter, analysere, behandle og presentere biologisk informasjon digitalt. Det inneber vidare å utvikle etisk medvit og utvise digital dømmekraft ved å følgje normer og reglar.