Vg2 blomsterdekoratør (BLD02‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter produktutvikling, bransjelære og kommunikasjon
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- planleggje og dokumentere eige blomsterarbeid
- utvikle nye produkt i ulike stilformer med inspirasjon frå stilhistoria
- analysere rom, personar, anledning og underlag og bruke funn for å grunngi val i produktutvikling
- nytte faguttrykk i kommunikasjon og dokumentasjon og bruke ulike kommunikasjonsformer og fagleg rettleiing i sals- og servicesituasjonar
- bruke og utvikle skisser og arbeidsteikningar med riktige mål og proporsjonar
- nytte og utforske ulike digitale ressursar i eige arbeid med produktutvikling, i dokumentasjon og i kommunikasjon
- presentere blomsterfaglege produkt på ein visuell og estetisk måte
- berekne materiale til produkt etter ein fastsett pris
- berekne utsalspris ut ifrå innkjøp, tidsbruk og lønnsemd
- norske og vitskaplege namn på botaniske materiale og bruke desse i kommunikasjon med kundar og leverandørar
- grunngi val av botaniske materiale med omsyn til haldbarheit, eigenskapar, bruksområde, opphav og sesong i produktutviklinga
- utvikle og reflektere over strategiar for å møte forventningar frå kundar i ulike livssituasjonar
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i programfaget produktutvikling, bransjelære og kommunikasjon når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer begge programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i programfaget produktutvikling, bransjelære og kommunikasjon. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i programfaget produktutvikling, bransjelære og kommunikasjon ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i programfaget produktutvikling, bransjekunnskap og kommunikasjon basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.