Vg2 blomsterdekoratør (BLD02‑03)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter produksjon og arbeidsliv 

  • planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere eige blomsterarbeid og eigen prosess
  • utvikle faglege produkt i ulike stilar og uttrykk knytte til ulike anledningar og kulturar
  • nytte materiale og grunngi valet av materiale ut frå det ønskte uttrykket på eit produkt og ut frå eigenskapane og haldbarheita til materiala
  • gjennomføre arbeidsoppgåver i tråd med gjeldande reglar for helse, miljø og sikkerheit
  • bruke ulike komposisjonsprinsipp og formalestetiske verkemiddel i eige blomsterarbeid
  • nytte formålstenlege handverksteknikkar med omsyn til haldbarheit, funksjon, ressursutnytting, berekraft og økonomi, og grunngi eigne val av handverksteknikkar
  • gjere greie for ulike stilepokar, stilformer, trendar, motar og kulturelle utrykk og bruke denne kunnskapen som inspirasjon i blomsterarbeid
  • vurdere og kvalitetssikre eige blomsterarbeid
  • velje, bruke og vedlikehalde verktøy i praktisk arbeid
  • utforske og eksperimentere med ulike teknikkar og botaniske materiale
  • reflektere over samanhengen mellom berekraft, oppbevaring av råvarer, ressursutnytting, avfallshandtering og produksjon og import av botaniske materiale, og bruke denne kunnskapen i produksjon av blomsterfaglege produkt
  • bruke eit breitt utval av botaniske materiale og behandle desse på ein forsvarleg måte med omsyn til haldbarheit og estetikk
  • drøfte kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap, og beskrive kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har i arbeidslivet

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering