Vg2 blomsterdekoratør (BLD02‑03)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg2 blomsterdekoratør handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å utvikle identitet og om å gjere ansvarlege val i eige liv og i skapande arbeid. Det handlar vidare om å utvikle strategiar for å møte og meistre forventningar frå kundar. I tillegg handlar folkehelse og livsmeistring om å bli trygg i møte med medelevar, kundar og andre aktørar i faget, og om å handtere eigne tankar og kjensler som oppstår i møte med kundar i ulike livssituasjonar som treng rettleiing om blomsterfaglege produkt.
Berekraftig utvikling
I vg2 blomsterdekoratør handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å gjere etiske og miljøbevisste val ved innkjøp og import av botaniske materiale og produkt, ved vedlikehald av verktøy og ved skapande arbeid. Det handlar òg om å forvalte, utnytte og gjenbruke ressursar i produksjon og om å reflektere over korleis berekraftige val kan påverke økonomien, samfunnet og naturen.