Vg2 børsemakar (BMF02‑03)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter produktutvikling og kvalitetssikring

  • utarbeide risikoanalyse i samband med eit konkret arbeidsoppdrag og planleggje tiltak for å redusere risikoen knytt til oppdraget
  • drøfte kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap, og beskrive kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har i arbeidslivet
  • planleggje og dokumentere prosessane i produksjonen av ein våpendel
  • bruke arbeidsteikningar og annan visuell informasjon i utforming og tilpassing av produkt på verkstaden og i kommunikasjon med andre
  • teikne, programmere og planleggje produksjon av enkle våpendelar i ei CNC-maskin
  • planleggje, dokumentere og sende plomberingsmelding i samband med deaktivering av skytevåpen
  • gjennomføre og dokumentere testing av våpen eller ammunisjon
  • utforske og nytte ulike arbeidsteknikkar, verktøy og materiale
  • vurdere og velje verktøy og materiale ut frå bruksområde, eigenskapane til materiala og miljøomsyn
  • vurdere og kvalitetssikre utført arbeid, nytte og følgje gjeldande lov- og regelverk for børsemakarfaget og reflektere over formålet med lover og reglar for utøving av børsemakarfaget på individ- og samfunnsnivå
  • gjere greie for dei mekaniske og ballistiske prosessane som skjer når eit skytevåpen blir avfyrt

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering