Vg2 børsemakar (BMF02‑03)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg2 børsemakar inneber å bruke og forstå fagspråk og å lytte til og gi respons i spontan og førebudd samtale. Det inneber òg å drøfte og reflektere over faglege emne og våpentekniske spørsmål og å kommunisere om våpen og våpenbruk med oppdragsgivarar, medelevar og andre samarbeidspartnarar.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg2 børsemakar inneber å bruke fagspråk og faglitteratur for å utforme tekstar tilpassa mottakar og formål. Det inneber vidare å utforske og reflektere over faglege emne og problemstillingar og å gjere seg forstått skriftleg i kommunikasjon med oppdragsgivarar, leverandørar, medelevar og andre. Det inneber òg å kunne planleggje og dokumentere eige arbeid som eit ledd i kvalitetssikringa.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg2 børsemakar inneber å finne, reflektere over og kritisk vurdere informasjon i faglitteratur. Det inneber òg å tolke både skriftleg og visuelt fagspråk og å bruke kjelder på ein kritisk måte som lar seg etterprøve. Vidare inneber det å forstå og bruke tilvisingar og spesifikasjonar frå fabrikantane. Det inneber dessutan å forstå og kunne bruke arbeidsteikningar med teikn og symbol.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg2 børsemakar inneber å hente ut og tolke informasjon i talmateriale og bruke informasjonen for å forstå og vise samanhengar og å samanlikne resultat. Det inneber òg å berekne lengder, mengder og vinklar og rekne ut kulebane, flygetid og energi i den praktiske utøvinga av faget.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg2 børsemakar inneber å bruke digitale ressursar i planlegging og presentasjon av eige arbeid. Vidare inneber det å søkje etter og hente inn informasjon knytt til produktutvikling og dokumentasjon av eige arbeid og eigen kompetanse. Det inneber òg å utvikle etisk medvit og vise digital dømmekraft ved å følgje reglar og normer.