Vg2 børsemakar (BMF02‑03)
Kjerneelement
Handverk og formgiving
Kjerneelementet handverk og formgiving handlar om å forme ulike materiale med ulike handverktøy til nyproduksjon, reparasjon, modifikasjon og vedlikehald av våpen og våpendelar. Vidare handlar det om prosessane frå idear, skisser eller enkle arbeidsbeskrivingar til ferdig produkt.
Maskin og teknikk
Kjerneelementet maskin og teknikk handlar om å bruke manuelle og styrte verktøymaskiner til å løyse skytevåpenrelaterte maskineringsoppgåver. Vidare handlar dette kjerneelementet om å forstå verkemåten og konstruksjonen til ulike våpentypar og dei ballistiske fasane i og utanfor våpenet. Det handlar òg om å vurdere risiko og integrere arbeidet med helse, miljø og tryggleik i alle delane av fagutøvinga, frå planlegging til dokumentasjon av ferdig arbeid.
Lover og reglar
Kjerneelementet lover og reglar handlar om å tolke og følgje dei lovpålagde føresegnene i faget for både omsetning og bruk. Dette kjerneelementet handlar òg om å reflektere kritisk og sjå samanhengar mellom ulike samfunnsforhold og behova til kundane og å utøve yrket i samsvar med gjeldande etiske normer og regelverk. Det handlar vidare om å drøfte regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet, og å reflektere over eigen praksis.