Vg2 brønnteknikk (BRT02‑04)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter boring
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- samanlikne bruksområdar og eigenskapane til dei vanlegaste boreinnretningane
- forklare verkemåtane til boreslammet og slamsirkulasjonssystemet
- gjere greie for verkemåten til røyrhandteringsutstyr i boremodulen , og bevegelig utstyr i boretårnet
- beskrive bruk av laust boreutstyr, borerøyr og nediholsutstyr
- reflektere over korleis geologiske forhold kan påvirke boreoperasjoner og brønnbygging
- forklare oppbygginga til brønnen, og koplinga mellom brønnhovudet og boreinnretning
- beskrive sementering av fóringsrøyr og tilhøyrande utstyr
- vurdere ein passande borestreng med bore- og loggeutstyr for ulike brønnseksjonar
- berekne volum og væsketrykk i brønn, og reflektere over sikkerheitsmarginar
- drøfte ulike barrierar under boreoperasjonar
- beskrive kvifor ein stengjer ned brønnar permanent, og kva ulike verkemiddel som blir brukte som barrierar
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i boring når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire av eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i boring. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i boring ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i boring basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.