Vg2 brønnteknikk (BRT02‑04)
Kjerneelement
Barrierar og sikkerheit
Kjerneelementet barrierar og sikkerheit handlar om å ivareta helse, miljø og sikkerheit i arbeid med boring, komplettering og brønnvedlikehald. Det handlar det om fysiske barrierer i og over brønnen som ivaretek det ytre miljø. Det handlar òg om konsekvensforståing, førebygging av uønska hendingar og sikring av menneske, miljø og utstyr. Vidare handler det om prosedyrar og reglar, og sikker bruk av arbeidsutstyr og hjelpemiddel.
Utstyr på overflata og i brønnen
Kjerneelementet utstyr på overflata og i brønnen handlar om verktøy, brønnutstyr og metodar for å gjennomføre sikre operasjonar for petroleumsverksemda. Det handlar om bruk av manuelt og fjernoperert utstyr i arbeidsoperasjonar, og vedlikehald av verktøy, maskiner og brønnutstyr. Det handlar vidare om forståing for at flytande og faste installasjonstypar på havbotn påverkar val av utstyr og operasjonelle metoder. Kjerneelementet handlar òg om forståing for at geologi og reservoarbetingelser påverkar utforming av brønnbanen og utstyret i brønnen.
Offshorearbeidaren
Kjerneelementet offshorearbeidaren handlar om korleis planlegging og dokumentasjon bidreg til ei sikker gjennomføring av arbeidsoppdrag, og at erfaringsoverføring og kvalitetssikring er ein del av arbeidsprosessane. Kjerneelementet handlar òg om ulike arbeidssituasjonar med manuelle og fjernopererte løysingar. Vidare omfattar kjerneelementet å samhandle gjennom praktisk arbeid og utforme faglege forklaringar og grunngivingar.