Vg2 brønnteknikk (BRT02‑04)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter prosedyrar og praksis

  • beskrive og reflektere over korleis planlegging, utføring og rapportering av arbeidsoperasjonar skal gjennomførast, i samsvar med gjeldande prosedyrar og standardar
  • gjennomføre vedlikehald, kontroll, måling og dokumentasjon av utstyr som skal køyrast i brønn
  • reflektere over føremålet og risikoen med gjennomføring av trykktesting og lekkasjetesting
  • bruke simulator for å gjere øvingar i boring, trykkontroll og inn- og utkøyring i ein brønn
  • gjennomføre og rapportere laboratorieforsøk med brønnvæsker og reflektere over brønnvæskesamansetjingar og brønnkontroll
  • bruke den norske oljehistoria til å reflektere over utvikling i sikkerheitskultur og berekraftig teknologi på norsk sokkel
  • nytte prosedyrar for pakking og sikring av last
  • vurdere risiko knytt til bruk av traverskran og foreslå tiltak som kan førebygge ulykker og uønskte hendingar
  • stroppe, anhuke og gi signal under lasting og lossing ved bruk av traverskran
  • gjere greie for gjeldande krav til sikkerheit for sokkelarbeidarar
  • nytte arbeidstillatelse og sikker jobb-analyse til å reflektere over faremoment og redusere risikoen for uønskte hendingar
  • reflektere over korleis kosthald, rusmiddelbruk og søvnmønster kan påverke arbeidsevne
  • drøfte kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap, og beskrive kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har i arbeidslivet

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering