Engelsk FOV (ENG05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter modul 2
Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne
- lytte til og forstå hovudinnhaldet i tydeleg munnleg kommunikasjon om kjende tema
- starte og avslutte korte samtalar om kjende og nokre nye tema
- bruke strategiar til å oppklare kommunikasjon, som å be samtalepartnaren om å gjenta eller forklare
- bruke språklydar, stavingar og uttalemønster i ein forståeleg uttale, med moglegheit for avklaring
- bruke og setje ord på kjende og nokre nye språklæringsstrategiar i eige læringsarbeid
- beskrive språklege likskapar og forskjellar mellom engelsk og andre språk deltakaren kjenner til, og bruke dette i eiga språklæring
- forstå og bruke eit ordtilfang knytt til kjende emne
- lytte til, lese og samtale om innhald i enkle tekstar om kjende og nokre nye tema
- skrive korte tekstar om kjende tema
- utvikle og bruke enkle ord- og setningsstrukturar
- utvikle og bruke enkel setnings- og tekstbinding
- bruke lettlesne kjelder
- samanlikne nokre tradisjonar og normer i område og på arenaer der engelsk blir brukt, med tradisjonar og normer deltakaren kjenner til i andre kulturar
- mediere kort informasjon ved å trekkje vekslar på eige språkleg og kulturelt repertoar, fortrinnsvis gjennom omsetjing eller forklaring
- identifisere situasjonar der engelsk kan brukast i eige liv
- bruke digitale ressursar og verktøy i språklæring, tekstskaping og samhandling
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Deltakarane viser og utviklar kompetanse i engelsk modul 2 når dei taler og samtaler om kjende og nokre nye tema, med moglegheit for avklaring undervegs. Dei viser og utviklar også kompetanse når dei lyttar til, les og skriv enkle og korte tekstar om kjende tema, og når dei tek i bruk nokre kjende og nye strategiar og ressursar som støtte i læringsarbeidet.
Læraren skal leggje til rette for deltakarmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å bruke og vidareutvikle kompetansen, ressursane og erfaringane til deltakarane og gjennom å leggje til rette for utforsking av behovet for engelsk. Læraren og deltakarane skal vere i dialog om deltakarane si utvikling i engelsk. Deltakarane skal få høve til å setje ord på kva dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege og språklege utvikling. Dei skal få tilbakemelding om kva som er forventa av dei, og korleis dei kan arbeide vidare for å nå måla sine for opplæringa. Læraren skal bruke undervegsvurderinga til å tilpasse den vidare opplæringa. Undervegsvurderinga skal bidra til at deltakarane bruker kompetansane, erfaringane og dei språklege ressursane sine til å utforske og prøve seg fram i vidare læring.