Engelsk FOV (ENG05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter modul 3
Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne
- lytte til og forstå hovudinnhaldet i tydeleg munnleg kommunikasjon om emne knytte til utdanning, arbeidsliv og samfunn
- starte, halde i gang og avslutte samtalar om personlege og nokre samfunnsaktuelle tema
- uttrykkje eigne meiningar om personlege og nokre samfunnsaktuelle tema
- snakke med ein funksjonell uttale
- beskrive og bruke nye og kjende språklæringsstrategiar i eige læringsarbeid
- samtale om språklege likskapar og forskjellar mellom engelsk og andre språk deltakaren kjenner til, og bruke dette i eiga språklæring
- lese, diskutere og vidareformidle hovudinnhaldet i ulike typar tekstar, inkludert samansette tekstar med ein viss variasjon i vokabularet
- skrive samanhengande tekstar om personlege og nokre samfunnsaktuelle tema
- bruke ordtilfang knytt til ulike emne
- bruke ord- og setningsstrukturar munnleg og skriftleg
- bruke setnings- og tekstbinding
- velje ut og bruke hensiktsmessige kjelder
- samtale om likskapar og forskjellar i kommunikasjon blant menneske med ulik språkleg og kulturell bakgrunn
- mediere informasjon om kjende tema ved å trekkje vekslar på eige språkleg og kulturelt repertoar, fortrinnsvis gjennom omsetjing eller forklaring
- beskrive nokre sider ved situasjonen til urfolk og minoritetar i Noreg og andre land
- samtale om situasjonar der engelsk kan brukast i utdanning, arbeidsliv og samfunn
- finne og bruke digitale ressursar og verktøy i samhandling, språklæring og tekstskaping
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Deltakarane viser og utviklar kompetanse i engelsk modul 3 når dei lyttar til, taler, samtaler, les og skriv om ulike personlege og samfunnsaktuelle tema. Dei viser og utviklar også kompetanse når dei uttrykkjer seg samanhengande munnleg og skriftleg, og når dei med aukande sjølvstende tek i bruk kjende og nye strategiar, ulike ressursar og lettlesne kjelder.
Læraren skal leggje til rette for deltakarmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å bruke og vidareutvikle kompetansen, ressursane og erfaringane til deltakarane. Ved å la deltakarane oppleve at engelsk er relevant i og utanfor opplæringa, kan læraren hjelpe deltakarane å vidareutvikle interessa for språket. Læraren og deltakarane skal vere i dialog om deltakarane si utvikling i engelsk. Deltakarane skal få høve til å setje ord på kva dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege og språklege utvikling. Dei skal få tilbakemelding om kva som er forventa av dei, og korleis dei kan arbeide vidare for å nå måla sine for opplæringa. Læraren skal bruke undervegsvurderinga til å tilpasse den vidare opplæringa. Undervegsvurderinga skal bidra til at deltakarane bruker kompetansane, erfaringane og dei språklege ressursane sine til å utforske og prøve seg fram i vidare læring.