Engelsk FOV (ENG05‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Engelsk er eit sentralt fag for kommunikasjon, språkforståing og kulturforståing. Faget skal gi deltakarane eit grunnlag for å kommunisere med andre lokalt og globalt, på tvers av kulturell og språkleg bakgrunn. Faget skal førebu deltakarane på ei utdanning og eit samfunns- og arbeidsliv som stiller krav om engelskspråkleg kompetanse i lesing, skriving og munnleg kommunikasjon. Engelsk skal bidra til livslang læring gjennom utvikling av læringsstrategiar, metaspråkleg medvit og digitale ferdigheiter.
Gjennom arbeidet i faget skal deltakarane bli trygge språkbrukarar, slik at dei kan bruke engelsk for å lære, kommunisere og samhandle. Opplæringa skal fremje motivasjon og ei utforskande tilnærming til språk og kommunikasjon. Engelskfaget skal leggje til rette for at kompetansen og erfaringane, den kulturelle bakgrunnen og dei fleirspråklege ressursane til deltakarane kan anerkjennast og brukast aktivt i opplæring og vurdering. Deltakarane skal få erfare at det å kunne fleire språk er ein ressurs i opplæringa og i samfunnet. Kunnskaps- og erfaringsutveksling med menneske i alle aldrar og frå ulike stader i verda gir deltakarane perspektiv på eiga læring og eigen identitet og viser verdien av samarbeid på tvers av språk og kultur.