Engelsk FOV (ENG05‑01)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i engelsk er å kunne skape meining gjennom å lytte, tale og samtale. Utviklinga av munnlege ferdigheiter inneber å uttrykkje seg gradvis meir presist og tilpasse språket til formålet, mottakaren og situasjonen, i formelle og uformelle situasjonar og i møte med menneske med ulik språkleg bakgrunn. Samhandlingsstrategiar og eit variert språk knytt til kvardagsliv, samfunn, utdanning og arbeidsliv står sentralt i munnleg kommunikasjon og støttar vidareutviklinga av munnlege ferdigheiter i eit livslangt perspektiv.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i engelsk er å uttrykkje seg forståeleg og formålstenleg i ulike typar tekstar både på papir og digitalt. Utviklinga av skriveferdigheiter går frå å skrive enkeltord og frasar til å skape ulike typar samanhengande tekstar i utdanning, samfunn og arbeidsliv i eit livslangt perspektiv. Å skrive handlar om å planleggje, forme ut og omarbeide tekst som er tilpassa mottakar, formål og situasjon. Det inneber å velje eigna skrivestrategiar og bruke ulike typar verktøy og kjelder på ein kritisk og etterretteleg måte.
Å kunne lese
Å kunne lese i engelsk er å forstå og reflektere over formålet med og innhaldet i ulike typar tekstar på papir og digitalt, inkludert samansette tekstar, i utdanning, samfunn og arbeidsliv. Utviklinga av leseferdigheiter i engelsk går frå å oppdage forholdet mellom språklydar og teikn, stavemønster og stavingar til å lese varierte og komplekse tekstar med flyt og forståing og i stadig større grad kunne reflektere over og vurdere ulike typar tekstar kritisk. Lesing blir støtta opp av formålstenlege lesestrategiar og kan bidra til vidare språkinnlæring i eit livslangt perspektiv.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i engelsk er å bruke digitale ressursar for å styrkje språklæringa, møte autentisk språk og utvikle kunnskap i faget på ein gradvis meir sjølvstendig, bevisst og kritisk måte i eit livslangt perspektiv. Det inneber å finne, vurdere og bruke eigna kjelder til å skape munnlege og skriftlege tekstar. Det handlar også om å kunne delta i det digitale samfunnet og vere bevisst si eiga rolle i samhandling med andre.