Engelsk FOV (ENG05‑01)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I engelsk handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å oppleve meistring gjennom å handtere situasjonar i eige liv som krev kompetanse i engelsk språk og interkulturell forståing. Det å forstå og kommunisere skriftleg og munnleg på engelsk gir fleire moglegheiter for å uttrykkje eigne kjensler, tankar, erfaringar og meiningar, noko som er viktig for å delta i sosiale fellesskap på tvers av språkleg og kulturell bakgrunn. Det handlar vidare om å forhalde seg kritisk til engelskspråkleg informasjon for å ta formålstenlege val i eige liv.
Demokrati og medborgarskap
I engelsk handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å utvikle ferdigheiter i engelsk for å delta i samfunnet og i demokratiske prosessar. Ferdigheiter i engelsk gir tilgang til informasjon som er viktig for å kunne delta i demokrati på ulike plan i samfunn, arbeidsliv og utdanning. Engelsk opnar for kommunikasjon med fleire menneske lokalt og globalt, på tvers av språkleg og kulturell bakgrunn. Dette kan styrkje deltakarane si forståing av ulike tenkjemåtar og levesett og evna deira til å fremje eigne synspunkt og møte usemje.
Berekraftig utvikling
I engelsk handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å utforske og kommunisere om sosial rettferd og forsvarleg ressursbruk. Dette inneber å byggje på eigne erfaringar, innhente ny kunnskap og samhandle om berekraftige praksisar i eige liv og i samfunnet. Det handlar vidare om å ta i bruk engelsk som ein del av eit større språkleg repertoar, noko som kan bidra til å vareta språkleg og kulturelt mangfald.