Framandspråk (FSP01‑03)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Framandspråk handlar om å forstå og bli forstått. Faget skal bidra til å fremje den personlege utviklinga til elevane og leggje til rette for at dei kan samhandle med og oppleve glede i møte med andre menneske og kulturar. I ei globalisert verd har vi behov for å kommunisere på fleire språk. Formell og uformell kommunikasjon lokalt, nasjonalt og internasjonalt krev språkkunnskapar og kunnskap om andre kulturar og levesett. Dette gjeld ikkje minst i studium og i arbeidslivet. Faget kan bidra til å utvikle den interkulturelle forståinga til elevane.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Kunnskap om det språklege og kulturelle mangfaldet i eit samfunn gir verdifull innsikt i eigen og andre sin bakgrunn. Faget skal bidra til at elevane får kjennskap til ulike identitetar, tenkemåtar og verdiar, uttrykksformer, tradisjonar og samfunnsforhold i områda der språket blir snakka. Dette inneber at elevane utviklar toleranse, og forståing av at oppfatninga vår av verda er kulturavhengig. Det å lære eit nytt språk, kunne kommunisere med andre og gjere erfaringar frå kulturmøte opnar for fleire måtar å tolke verda på. Ein sentral del av språklæring er òg å utforske og tenkje kritisk over bruk av kjelder, hjelpemiddel og læringsstrategiar. Faget skal bidra til å gi elevane ei forståing av språkleg og kulturelt mangfald. Gjennom faget skal elevane få erfare at fleirspråklegheit er ein ressurs både i skulen og elles i samfunnet.