Framandspråk (FSP01‑03)
Kjerneelement
Kommunikasjon
Kommunikasjon er sjølve hovudkjernen i faget. Å lære framandspråk handlar om å forstå og bli forstått. Elevane skal utvikle kunnskapar og ferdigheiter for å kommunisere på formålstenleg vis både munnleg og skriftleg. Språket skal takast i bruk frå første stund både utan og med bruk av ulike medium og verktøy.
Interkulturell kompetanse
Kunnskap om og ei utforskande tilnærming til andre språk, kulturar, levesett og tenkemåtar opnar for nye perspektiv på verda og oss sjølve. Interkulturell kompetanse inneber å utvikle nysgjerrigheit om, innsikt i og forståing av kulturelt og språkleg mangfald, både lokalt og globalt, for å samhandle med andre.
Språklæring og fleirspråklegheit
Kunnskap om språk og utforsking av eiga språklæring gjer elevane betre i stand til å lære og forstå språk i eit livslangt perspektiv. I møte med faget framandspråk er elevane allereie fleirspråklege og har omfattande språklæringserfaring frå ulike kontekstar. Ved at elevane overfører språkkunnskapar og språklæringserfaringar frå andre språk dei kan og kjenner til, blir læringa meir effektiv og meiningsfull.
Språk og teknologi
Å utforske og utnytte fagleg relevant språkteknologi og nye medium gir utvida moglegheiter for kreativ og kritisk læring, bruk og forståing av språk, kommunikasjon og interkulturell kompetanse.