Framandspråk (FSP01‑03)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i framandspråk er å skape meining gjennom å lytte, snakke og samtale i ulike kommunikasjonssituasjonar. Utviklinga av munnlege ferdigheiter i framandspråk går frå å bruke ferdigheitene i daglegdagse samanhengar til å bruke dei i stadig meir komplekse situasjonar. Dette inneber å ta i bruk eit gradvis breiare ordforråd og fleire språklege strukturar.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i framandspråk er å skape ulike typar tekstar som kommuniserer eit innhald. Utviklinga av skriveferdigheiter i framandspråk går frå å skrive enkle tekstar om daglegdagse emne til å produsere stadig meir komplekse tekstar om faglege emne. Dette inneber òg å tileigne seg eit gradvis breiare ordforråd, ta i bruk fleire språklege strukturar, og å bruke hjelpemiddel på ein formålstenleg måte. Å bruke tastatur med språket sine teikn og å skrive framandspråket digitalt er ein viktig del av det å kunne skrive og å formidle kompetanse i faget.
Å kunne lese
Å kunne lese i framandspråk er å forstå innhaldet i ulike typar tekstar, både på papir og digitalt. Utviklinga av leseferdigheiter i framandspråk går frå å forstå hovudinnhald i enklare tekstar til å forstå stadig meir innhald i komplekse tekstar i ulike sjangrar. Dette inneber å forstå stadig fleire ord, uttrykk og språklege strukturar, og å bruke strategiar, hjelpemiddel og kjelder på ein formålstenleg måte slik at det å lese bidreg til språklæring og interkulturell kompetanse.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i framandspråk er å bruke digitale ressursar og medium til å utvide læringsarenaen og tilføre læringsprosessen verdifulle dimensjonar. Utviklinga av digitale ferdigheiter i framandspråk går frå å bruke desse ressursane til språklæring og møte med autentisk språk, til i aukande grad å bruke dei sjølvstendig for å kommunisere munnleg og skriftleg, innhente kunnskap, utforske kultur og geografi og lage samansette produkt. Dette inneber å utvikle ei medviten og kritisk haldning til bruk av digitale kjelder, å vise dømmekraft i bruk av digitale medium og ressursar, og å følgje reglar for digital samhandling og personvern.