Vg2 helsearbeiderfag (HEA02‑04)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg2 helsearbeidarfag handlar om å utvikle yrkesutøvarar som kan bidra til å dekkje behovet for kompetanse i grunnleggjande sjukepleie og miljøarbeid i alle delar av helsetenesta. Programfaga handlar om å kunne gi helsehjelp, førebyggje einsemd og bidra til eit aktivt liv for pasientar og brukarar. Det handlar også om å utvikle yrkesutøvarar som har praktiske ferdigheiter og vilje og evne til å arbeide for kontinuerleg kvalitetsforbetring. Programfaga skal vidare bidra til å utvikle profesjonelle yrkesutøvarar med empati og evne og vilje til å yte heilskapleg omsorg og samhandle med menneske med ulike hjelpebehov.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg2 helsearbeidarfag skal bidra til at helsefagarbeidaren kan kommunisere og samhandle med menneske med ulik bakgrunn og livssituasjon. Programfaga skal bidra til å utvikle etisk medvit og forståing av likeverd, likestilling, respekt og toleranse som grunnleggjande verdiar. Vidare skal programfaga bidra til god dømmekraft og profesjonelt fagleg skjønn hos yrkesutøvaren.