Vg2 helsearbeiderfag (HEA02‑04)
Kjerneelement
Kropp, helse og omsorg
Kjerneelementet kropp, helse og omsorg handlar om å vareta den heilskaplege helsa til pasientar og brukarar. I dette inngår korleis kultur, levevanar, kosthald, hygiene og smittevern kan bidra til å fremje livskvalitet, helse og meistring. Det handlar også om akutt og kronisk sjukdom, vekst og aldring og funksjonsnedsetjingar. Vidare handlar det om å observere, vurdere og utføre grunnleggjande sjukepleie for å vareta behovet pasientar og brukarar har for helsehjelp. Kjerneelementet handlar også om helsefremjande arbeid, miljøarbeid, habilitering og rehabilitering, omsorg og heilskaplege pasientforløp. Å lindre lidingar og leggje til rette for ein verdig død inngår òg.
Dialog, relasjon og rettleiing
Kjerneelementet dialog, relasjon og rettleiing handlar om å kommunisere og samhandle med menneske frå ulike kulturar med ulik alder, bakgrunn og livssituasjon og ulike behov. Det handlar også om å bidra til å utvikle helsekompetansen til pasientar og brukarar. Kjerneelementet handlar vidare om å samhandle med andre yrkesgrupper og frivillige organisasjonar og å rapportere og dokumentere arbeid. Dessutan inngår å gi og ta imot rettleiing og å forstå betydninga av eiga åtferd og eigne haldningar i møte med andre menneske.
Hjelpemiddel, teknologi og velferdsteknologi
Kjerneelementet hjelpemiddel, teknologi og velferdsteknologi handlar om å bruke medisinsk utstyr og å ta i bruk hjelpemiddel og teknologi som bidreg til å gi personar med hjelpebehov betre livskvalitet, meir tryggleik og større moglegheit til å klare seg på eiga hand. Det handlar også om å bruke hjelpemiddel og teknologi for å avlaste pårørande og gi dei tryggleik og om korleis teknologi kan forbetre og effektivisere tenestene i helse- og omsorgssektoren. Vidare handlar det om å bruke riktige arbeidsteknikkar og arbeidsstillingar i yrkesutøvinga.
Etikk og regelverk
Kjerneelementet etikk og regelverk handlar om å møte menneske i ulike livssituasjonar med omsorg og empati. Vidare handlar det om systematisk kvalitetsforbetring, brukarmedverknad og pasientsikkerheit. Kjerneelementet handlar også om profesjonell yrkesutøving, yrkesetiske retningslinjer, regelverk i helse- og omsorgssektoren og om helse, miljø og sikkerheit. Det handlar også om å reflektere over etiske dilemma.