Vg2 helseservicefag (HES02‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter helse og sjukdom
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- beskrive og drøfte samanhengar mellom helse, livsstil, fysisk aktivitet og kosthald
- gjere greie for fordøyingssystemet og immunforsvaret og gi døme på psykiske og fysiske faktorar som kan påverke dei
- gjere greie for korleis smittsame sjukdommar, epidemiar og pandemiar oppstår og korleis dei kan førebyggjast
- gjere greie for dei mest kjende barnesjukdommane
- beskrive symptom ved infeksjonar, forgiftingar og allergiske reaksjonar og gi døme på behandlingstiltak
- beskrive smertetilstandar knytte til akutte og kroniske sjukdommar
- gjere greie for det normale svangerskapet
- observere allmenntilstanden til pasientar og vurdere tiltak
- forklare kva legemiddel er, og beskrive kor viktig riktig legemiddelbruk og dosering er
- gjere greie for bruksområde, biverknader og forgiftingar ved bruk av dei vanlegaste reseptfrie legemidla
- forklare kvifor det er viktig å følgje den behandlinga som blir føreskriven
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i helse og sjukdom når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire av eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i helse og sjukdom. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i helse- og sjukdom ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i helse og sjukdom basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.