Vg2 helseservicefag (HES02‑03)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg2 helseservicefag handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å vise forståing, respekt og toleranse i møte med kundar, pasientar og pårørande. Det handlar òg om å rettleie om gode helseval og tiltak som kan vere med på å fremje god psykisk og fysisk helse.
Demokrati og medborgarskap
I vg2 helseservicefag handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om brukarmedverknad og om å ivareta dei individuelle rettane til pasientane. Det handlar òg om å tenkje kritisk og å respektere usemje. Vidare handlar det om arbeidstakarens rettar og plikter og om korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv.
Berekraftig utvikling
I vg2 helseservicefag handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å ta miljøbevisste val i yrkesutøvinga. Det inneber mellom anna å kjeldesortere og redusere bruk av eingongsutstyr og å vurdere korleis bruk av ulike ressursar i yrkesutøvinga kan påverke miljøet.