Vg3 helsesekretær (HSE03‑03)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg3 helsesekretær handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å rettleie pasientar om kva som fremjar god fysisk og psykisk helse. Vidare handlar det om å informere om samanhengen mellom levevanar, rusmiddelbruk og helse.
Demokrati og medborgarskap
I vg3 helsesekretær handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om brukarmedverknad og om å vareta dei individuelle rettane til pasientane. Det handlar òg om å tenkje kritisk og respektere usemje. Vidare handlar det om rettar og plikter i yrkesutøvinga og om korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv.
Berekraftig utvikling
I vg3 helsesekretær handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å gjere ansvarlege val og handle etisk og miljøbevisst. I dette ligg det å følgje retningslinjer for arbeid med biologisk og kjemisk materiale og handtering av avfall. Det handlar òg om samanhengen og potensielle dilemma mellom økonomi, miljøforhold og krav til kvalitet og sikkerheit. Temaet handlar dessutan om korleis levemåte og ressursbruk påverkar miljøet.