Vg3 helsesekretær (HSE03‑03)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Helse og sjukdom: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Kommunikasjon og samhandling: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Yrkesliv i helsesekretærfaget: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Helse og sjukdom, kommunikasjon og samhandling og yrkesliv i helsesekretærfaget: Eleven skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen kor dei felles programfaga inngår. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel.
Eksamen for privatistar
Helse og sjukdom: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Kommunikasjon og samhandling: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Yrkesliv i helsesekretærfaget: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Helse og sjukdom, kommunikasjon og samhandling og yrkesliv i helsesekretærfaget: Privatisten skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen i desse felles programfaga. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.