Vg3 hudterapi (HUD03‑04)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter helsefremjande arbeid
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- gjere greie for livsløpet til huda og forklare korleis indre og ytre miljø påverkar huda
- vurdere og gjennomføre passende tiltak for å førebyggje og betre hudendringar
- gjere greie for oppbygginga og funksjonen til neglene og behandle ulike nagletilstandar
- reflektere over samanhengen mellom hudhelse og ernæring og fysisk aktivitet
- forklare korleis hormonsystemet, fordøyingssystemet, immunsystemet og musklane verkar inn på hudhelsa
- gjere greie for samansetjinga av hudforbetrande og kosmetiske produkt og reflektere over kosmetiske produkt i eit miljøperspektiv
- gjere greie for og vurdere verknadene ulike produkt har i og på huda
- vurdere og dokumentere kontraindikasjonar ved behandling av hud
- utføre førstehjelp etter gjeldande retningslinjer
- gjennomføre tiltak som førebyggjer hudlidingar
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i helsefremjande arbeid når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire av eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i helsefremjande arbeid. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i helsefremjande arbeid ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i helsefremjande arbeid basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.